Utskriftsvennlig versjon

Velkommen til Odda kommune

Odda er ein industri- og reiselivskommune bygd på vasskraft, industri og storslagen natur. Odda ligg ved enden av Sørfjorden mellom høge fjell, fonn og fossefall og har eit areal på 1.648 km2 som strekkjer seg frå fjord til fylkesgrensa på Haukelifjell. Kommunen har ca 7000 innbyggjarar der Odda er kommunesenter og Tyssedal, Skare og Røldal er bygdesenter.
Hardangervidda nasjonalpark i aust og Folgefonna nasjonalpark i vest omkransar kommunen vår.

Bilde 1

Bilde 2

Bilde 3

I følge § 2-2 skal alle offentlege organ ha ein ajourført arkivplan. Arkivplanen skal visa

  • historikk og organisering av verksemda
  • kva arkivet omfattar, dvs. kva slag papirbasert og elektronisk materiale som inngår i arkiv og kva gjenfinningsmidlar som er i bruk og har vore brukt
  • korleis arkivet er organsiert, dvs. korleis arkivmaterialet er ordna og oppstilt
  • kva instruksar og reglar som gjeld for arkivarbeidet, både sentrale og interne
  • dokumentasjon for elektroniske register og databasar

Hensikta med arkivplanen er at den skal vera eit viktig internt arbeidsreiskap.

Arkivplanen gjev bindande retningsliner for handsaming av all informasjon og dokumentasjon i Odda kommune. Alle tilsette i fellesarkivet og andre som arbeider med arkiv, leiarar og sakshandsamarane i kommunen er forplikta til å halda seg orientert om arkivplanens innhald, og følgje dei retningsliner og rutinar som planen inneheld.

Oppdatering av planen skal gjennomførast årleg av arkivleiar.

Laster...